Norges glemte opphavsmyte: Fortellingen om Nor, Gor og Goe

Av Siri Økland "Norge blei ikkje samla då Harald Hårfagre vann slaget ved Hafrsfjord,men då jotunprinsen Nor vann eit avgjerande slag ved Sognefjorden..."
Slik les historikar Torgrim Titlestad ein gammal og ganske ukjend myte om Norges opphav.
På skulen har me alle lært at Harald Hårfagre var Norges første konge. Om me ikkje held orden på dei mange detaljane hugsar me i alle fall at han lét håret gro til han hadde samla Norge til eitt rike. Det folk flest ikkje har høyrt, er at det også finst ei anna forteljing om korleis Norge blei til: Myten om Nor, Gor og Goe.
Herskarmyte- Ein myte som dette er som regel konstruert for å underbyggja ein maktideologi. Den er laga for å forklara folket at dei får ei dyktig herskalslekt når den har jotunblod i årene. Det spesielle med denne myten er at den er urnorsk og basert på is, snø og det høge nord. Eg meiner det er den eldste myten me har om Norges opphav, seier historikar Torgrim Titlestad ved Universitetet i Stavanger.
Titlestad har jobba i årevis med sogelitteratur og norrøn tid. Han meiner myten - som blei nedskriven rundt 1200 - er ein viktig del av vår historie som bør inn på pensum i barneskulen.
Kva fortel denne myten deg?- Me kan ikkje ta dette som historiske fakta, men alle mytar fortel noko om kva førestillingar folk i ei fjern fortid hadde. Det er ein befolknings- og herskarmyte som forklarer kvifor Norge hadde fleire stormenn og småkongar ved makta i staden for éin eineveldig konge. Kong Nor var den første overkongen, og han organiserte landet i fylke, seier Titlestad.
Passa ikkje inn hos SnorreHan synest det er synd at folk ikkje kjenner til dette i dag. Myten er eit spor av det norske folkets fortidige tenking, ifølgje Titlestad.
-
Denne myten er gløymd, og det har med Snorres autoritet å gjera. For Snorre - som skreiv sogene om Norges kongar i overgangen til kristen tid - var det viktig å kopla Harald Hårfagre til den kristne kulturen og det europeiske tankegodset. Snorre viser at han kjenner til den heidenske myten om Nor, men han vel å sjå bort frå den - den passa ikkje inn, seier Titlestad.
Harald Hårfagre var ein historisk person, mens kong Nor berre finst som mytisk figur. Som forteljing om Norges opphav, finst det og fleire vesentlege politiske forskjellar mellom Snorres tekst og myten om Nor, påpeiker Titlestad.
Rivaliserande myter- Nor-myten byggjer ikkje på framandt tankegods, slik Snorre gjer. Urplassen er det kalde nord. Myten fortel korleis Norge blei til og korleis det oppstod likestilte kongeætter her. Snorre på si side, hevdar at det berre finst éi kongeætt, og det er den Ynglingeætta Harald Hårfagre høyrer til. Dette er altså eit einevelde, der makta går fra far til son. Snorre fører kongens slekt mange ledd tilbake - heilt til Odin i Åsgård, som låg sør for Kaukasus. Kaukasus ligg ikkje langt frå Palestina, som er den kristne kulturens vogge. Dermed koplar Snorre Norge til den kristne, europeiske mellomaldersivilisasjonen, seier Titlestad.
Var det rivalisering mellom desse oppfatningane om korleis Norge blei til?- Dette er ikkje noko presist dokument, men eg meiner myten om Nor seinast er frå 600-talet. Den må ha fått ein konkurrent då Snorre skreiv kongesogene i 1220-åra.OmstriddKvifor har ikkje andre historikarar forska på dette?- Hovedgrunnen er at sogelitteraturen i stor grad blei forkasta som historisk kjeldemateriale etter 1911. Dette førte til noko nær eit kulturelt sjølvmord i Norge. No håper eg nokon vil finna ut korleis denne myten ein gong har sett ut i si orginale form og forsøka å datera den, seier Titlestad.
Du er sjølv historikar. Korleis nærmar du deg dette stoffet?- Myten er ein del av Norges historie, men den fortel ikkje Norges verkelege historie. Den fortel om førestellinga folk hadde om korleis Norge blei til. Som historikar er eg oppteken av å vita kva som har skjedd i Norge og kva politiske oppfatningar som har vore gjeldande.
MYTEN OM NOR, GOR og GOEHer gjenfortel historikar Torgrim Titlestad i sitt eige språk den gamle myten om korleis Norge blei til."Rolv i Berget budde på Dovre. Han var halvt jotne og halvt menneske, av gammal kongeslekt i Hedmark. Det er 21. desember, det er solsnu og karane drikk øl. Far hans, kong Svadem seier: "No, Rolv, er du over 20 år og må finna deg eit skikkeleg kvinnfolk. Eg har litt kjennskap til kongeslekter i Norden, og rår deg til å dra til Kvenland. Der bur den vedunderleg vakre kongsdottera Goe, som er av jotneslekt".
Dette er ein god idé, men det er langt og ei farleg reise i isøydet. Kvenland ligg nordaust i dagens Finland, mot grensa til Russland.
Rolv tar truleg med seg nokre menn, og dei legg av garde på ski. Dei skal vera framme til 14. januar, då den store norrøne julefeiringa byrjar. Hos kong Torre i Kvenland blotar husfolka og drikk så mykje mjød at dei ikkje merkar at Rolv tar med seg Goe. Men då Torre oppdagar at dottera er borte, sender han sønene sine, Nor og Gor for å leita etter henne. Dei får med seg kvar sin krigsstyrke på eit par hundre mann. Gor tar sjøvegen og leitar langs alle øyar og strender, mens Nor dreg over Kjølen og kjem inn i Trøndelag.
Slaget ved SognefjordenNor dreg frå Trøndelag og nedover mot Møre og mot Mjøsa, han går opp i Valdres og ned til Sognefjorden. Den norske urbefolkninga slost mot Nor, men tapte. Størst motstand gjorde kong Sokne, men då han blei drepen i eit slag ved Sognefjorden, måtte også sogningane gi seg. Deretter låg landet ope for Nor.
Dette var første gongen Norge var samla til eitt rike. Nor inngår forlik med brurerøvaren Rolv, og giftar seg med søstera hans, Hodd.
Etterkommarane til Nor og Hodd spreier seg over heile landet og blir opphavet til alle landets konge- og stormannsætter. Slektningane gir namn til og regjerer over kvar sine fylke, mens Nor er overkonge. Du kan sjå for deg korleis heile noregskartet blir busett."
Tilbake til nyheter